Onsdag var 5.-7. klasse ved Todalen oppvekstsenter på studietur til Gammelfabrikken ved Storfossen i Brusetmarka. Det var PU-sjef Anita Talgø som hadde invitert klassen til å kome dit for å sjå kva som skjer oppå der og korleis Talgø-bedriftene brukar Gammelfabrikken i salgsarbeidet. Å gjera seg kjent i bygda er nemleg ein del av pensum for skuleelevane fortalte Solvår Røen som er assistentlærar og reiseledar.
For elevane var det ein fin sykkeltur oppover frå skulen til Gammelfabrikken i godvêret, og vart tekne imot av Anita Talgø. Her fekk dei sjå både gammelt og nytt, og ikkje minst høyre om historia rundt Talgøfabrikken. Det er ei historie som starta med Thore og Thora Talgø så langt attende som 1899. Altså for 111 år sidan. Da bygde dei møbelfabrikk og kraftstasjon innved Storfossen. Kraftverket var muligens det første som vart bygd i Møre og Romsdal.
Etter ein pause ved møtebordet og litt iskrem til forfriskning vart elevane delt i grupper og det var til for litt Quiz, der det var spørsmål om litt tå kvart. Etterpå bar det igjen ut på sykkeltur attende til skulen.
Sjå bildeserien frå gammelfabrikken nedafor. Alle bilde: Jon Olav Ørsal