I dag har det vore skikkeleg bålbrenning i Smålandsgrenda. Det gamle fjøset i Stuå vart rive ned i forrige veke, og i dag vart det laga eit gigantisk bål og brent opp. Todalen brannlag stillte med brannbil og pumpe i beredskap, i tilfelle det skulle skje noko utilsikta – men alt gikk etter plana.

I forrige veke måtte Stuåfjøset overrende. I dag vart det bål med brannvesnets og kommunens velsigning. Foto: Jon Olav Ørsal
Det gamle fjsøsest var fullt av husbokk, og det var ikkje noko å starte restaureringa av. Fjøset må no vike plassen for ny garasje/redskapshus som etter kvart vil sjå dagens lys, fortel Carsten som har flytta inn i det nye våningshuset for nokre veker sia.