Torsdag var tømmebilen til MiljøService.no i aktivitet i ustadfeltet på Kvennset. Vi tok ein prat med dei to som betjente bilen, Jørgen Dragesæt og Fredrik Egge Eimstad, som begge er stryningar og som betjener den eine av i alt 25 spesialbilar som Stryn-firmaet MiljøService disponerer. Dei fortalte at dei no skal til Aukra eit par veker og så kjem dei att til Todalen for å fortsette tømmejobben her. Dei reknar med å bruke litt over ei veke på tømme alle septiktankane i Todalen.
Alle huseigarane har fått eit «tømmekort» med varsel om å gjere klar septiktanken for tømming. Det er også fint om du markerer kor tanken ligg, slik at den er lett å finne. Dersom det er jord eller grus over lokket så må lokket gravast fram og ordne slik at dei får lett adkomst til tanken. Anlegg som ikkje er grav fram eller gjort tilgjengeleg kan bli belasta med tilleggsgebyr.
Septiktankane blir tømt annakvart år, og sist var i 2015, fortel stryningane. Dei tømmer septikktanken først og skiljer så ut faststoffet, før vatnet blir spyla tilbake til tanken. Faststoffet blir deponert på eit godkjent anlegg på Vestnes, på turen heim til Stryn. Strynfirmaet har septiktømming i rundt 150 kommunar rundt omkring i Noreg. Mykje i Midt-Norge, med både Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men også mykje i Gudbrandsdalen og på Austlandet elles. Dei driv tømming heile året – men mest på kysten om vinteren og jobbar annakvar veke.