Terje og Edvard Nordvik nytta i dag finvêret til å friske opp utearealet ved butikken. No blir det slutt på «kryss og tvers»-parkering når karane blir ferdig med oppmåling av nye parkeringsplassar rundt inngangen på Hals.
Med mal, rull og kvitmåling gikk det unna når dei to satte i gang med å merke opp parkeringsplassane på ny. -No blir det akkurat som på City Syd, konkluderte Terje. -Men om kundane treffer innafor gjenstår å sjå da, humra han fornøyelig, basert på årelang erfaring.

Kristoffer kjem og forsikrar seg om at alt blir beint. Men Terje og Edvard har full kontroll med både oppmåling og merking.

Alle som kom forbi hadde stort sett ei formening om korleis det skulle være. Jon Olav Roaldset var ein av fleire som tykte det vart fint å sjå til. Om dei besøkende kjem til å bruke oppmerkinga var vel både han og Terje litt usikre på.

Mange innspel og endring i planane. Men bra blir det til slutt i alle fall. På nivå med dei store kjøpesentra i byane meiner Terje N.

No manglar berre markert gangstripe frå Talgø til Hals?