Laurdag 15. mars var ein ideell dag for å arrangement innomhus; ute regna det «gamle kjerringar» og med kraftig vind i kasta. Men i Sanitetshuset var det lunt og triveleg.
Eli Marie Bruset og Jorunn Gislaug Ørsal var vertinner, og dei serverte kjøle gode bakels med variert og godt tilbehør. Utlodding stod også på programmet denne ettermiddagen; mange gevinstar og kjekt. Det er så bra at sanitetsforeninga legg til rette for sosiale treff i bygda. Underteikna er retteleg imponert over både strikkeglede, flotte plagg og kreativitet som kjem til uttrykk.
«Det regnar gamle kjerringar» er eit gammalt uttrykk for striregn her i bygda. Men det er ikkje berre her i bygda det regnar i meste laget av og til. På engelsk er utrykket: «it was raining cats and dogs», på dansk «det regner skomagerdrenger» og på svensk «regnet står som spøn i bakken» = «det står som fiskestenger i bakken»!
Ny strikkekaffe om tre veker, altså 5. april.
Fleire bilete:

Her er det utveksling av gode tips. Frå venstre: Helen, Dordi, Åse Johanne, Synnøve og May-Elisabeth. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå venstre og rundt bordet: Marit i sjølvstrikka genser frå «gamle dagar», Laila, Arndis og Kari. Foto: Dordi Jorunn Halle.