I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen. Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat.

Kaffepause er obligatorisk under strikkekaffen – frå venstre Grete Torvik, Gro Torvik, Eli Bruset, Helen M. Saksen, Synnøve H. Talgø og Jorunn Hals Ørsal. Foto Jon Olav Ørsal
I alle fall var det triveleg å berre stikke innom, og sjølv om vi berre var bladfyk vart det sjølsagt både kanelsnurrar og eplekake med is og vaniljesaus. Rakk du ikkje å få med deg strikkekaffen denne gongen, så blir det no fleire sjangsar utover hausten og vinteren.