Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.
Her var det strikking av store «karralestar» som skulle tøvast, før dei blir til julegåver. Andre strikka lestar med fine mønster til barnebarn. Det var strikking av mange utgåver av klutar eller kopptuer i forskjellige mønster og fine fargar, sjølvsagt også fine genserar til små eller store eller vest til ei nyinnkjøpt bukse. Ferdige produkt vart viste fram til inspirasjon for oss ande, somme stilte med mønsterbøker, andre synte fram modellar på I-pad.
Det var nok flest med bundingar denne gongen, men det var også brodering og hekling.
Strikkekafeen er ein fin møteplass som skaper trivsel og gode relasjonar.
Det er ny strikkekaffe om tre veker – alle er velkomne! Unge eller eldre – her er det inga aldersgrense korkje opp eller ned!