Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag. Sjølv om det er mange arrangement i bygda denne helga, var det 15 personar som kom til Sanitetshuset med handarbeid. Dei hygga seg med kaffe, gode kaker, prat og utlodding.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2018/11/IMG_4890-1200x920.jpg)
Jorunn frå Øvre Surnadal hakka – det er det kanskje ikkje så mange som driv med. Vidare ser vi Margit, Randi og Ingunn. Foto: Dordi J H.
Arndis og Jorunn var vertinner i dag.
Arndis Søyset og Helen Saksen er ansvarlege for strikkekaffeen i Todalen sanitetsforening. Dei lova ut at det blir strikkekaffe i 2019, det er bra! Mange set pris på desse uformelle ettermiddagane i Sanitetshuset.
Da er det berre å følge med på todalen.no for å få vite når det blir strikkekaffe på nyåret.
Fleire bilete: