Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe i Sanitetshuset med riktig godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. februar 2025

Med godt ver og stafettar i VM i skiskyting i fjernsynet var vertinnene skeptiske til korleis oppmøtet på strikkekaffeen denne siste laurdagen i februar ville bli. Dei var positivt overraska!

Her er kanskje ikkje strikkinga det viktigaste, det er praten og sosialt samvær. Å konsentrere seg om mønsterstrikk i fleire fargar og samstundes konversere, er slett ikkje enkelt. Det vart litt to omgangar fram og så ein tilbake. Underteikna er imponert over strikkeprosjekta!

Frå venstre: Fordi Fedje, Mari Flyum, Helen Saksen og Eli Marie Bruset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå venstre: Ingeborg Talgø, Grete Torvik, Åse Ville Redalen, Gro Torvik, Kari Kvendset og Synnøve Gjeldnes. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vertinner denne dagen var Arndis og Dordi Jorunn, dei serverte riktig god eplekake med krem og is.

Kjøkkenet i sanitetshuset er under oppussing. Det blir kjekt å sjå resultatet når det blir ny strikkekaffe om tre veker.

Fleire bilete:

Vertinner: Arndis Søyset og Dordi Jorunn Halle. Foto: Dordi Jorun Halle.

Synnøve Hole Talgø, Britt Mossing og Arndis Søyset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Jorunn Husby og Marit Sanden Søyset kom rett frå salg av fastelavnsris. Dei kunne rapportere om godt salg og syntest det var godt å kome inn i varmen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå venstre: Berit Kårvatn, Dordi Fedje og Mari Flyum. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 22. februar 2025, 22:33