Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Her kan ein møte opp med eller utan handarbeid til sosialt samver, triveleg prat og kaffelag. Denne gongen blir det ei enkel utlodding. Den som har lyst, kan ta med gevinst.
Vertinner er Arndis og Jorunn.
Dette er siste strikkekaffeen denne hausten.
VEL MØTT!