Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe i nyrestaurert Sanitetshus

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2024

Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag 12. oktober. Godt oppmøte og triveleg samvær!

Dette var første Fredrikkekaffeen denne hausten, og det var kjekt å både å treffast og ikkje minst få sjå kor fint det hadde vorte i Sanitetshuset. Nytt golv, nymåla vegger og tak, nye gardiner og nye møblar; – så fint og stilig! Møterommet har fått eit skikkeleg løft.

Ny og fin sofa, og god å sitje i! Jean, Synnøve, Ingborg og Helen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Veggene er litt nakne enno, men her kjem det bilete og pynt etter kvart. Alt kan ikkje skje på ein gong.

Men i alle fall er det no slik at det blir basar i eige hus onsdag 16. oktober; det var lenge usikkert om møblar osv. ville kome på plass i tide.

Åse og Kari var vertinner. Dei serverte nydeleg eplekake med krem. Praten rundt borda gjekk livleg; viktig med møteplass for å treffast.

Kaffekos. Synnøve, Randi og Jorunn. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fint golv og lune fargar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vertinnene serverte nydeleg eplekake med krem. På bordet ser vi at dei første basargevinstane alt er på plass. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 13. oktober 2024, 11:02