Godt oppmøte på årets første strikkekkaffe i sanitetshuset, det var fullsett rundt salongborda.
Sigrid Gjersvoll og Tora Valset kom frå andre sida av fjorden, Ålvundeidet og Sunndalsøra. Tora var fødd Talgø og budde i Halagrenda før familien flytta til Valset på Ålvundeidet. Det vart prat om den gode kontakten og samarbeidet det var mellom nabobygdene Todalen og Ålvundeidet i gamle dagar, da også om saukarar og sauutstillingar. Tora imponerte med å lese diktet «Bekkersjå» av Hans Hyldbakk utanboks!
Første verset er slik:
«Du har vel høyrt gjete te storveies sjåe
på bekre å søyå på Plassa i dag,
der store å småe fraus nasain si blåe
å ikkje fekk handel å gjerra de slag.»
Heile visa er på åtte vers og Tora kunne alle! Vi som har levd ei stund, minnest sauesjå både på Kvennsetgarda, Ålvundeia og i Surnadal. Og skuleungane fekk fri frå skulen etter matfriminuttet for å delta på artigheita.
Frå Surnadal kom Jenny som har passert 103 år og Grete som nærmar seg nitti – båe to strikka lestar! Dei er glade for at sanitetsforeninga arrangerer uformelle samlingar på dagtid.
Ny strikkekaffe laurdag 1. februar, og da blir det utlodding.
Fleire bilete frå ein triveleg ettermiddag: