Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen. Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best? – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset.

Nystekte bakels er sikkerstikk! Jorunn Ørsal serverer nystekte bakels til Kari Kvendset og Grete Torvik. Foto Jon Olav Ørsal
Godt oppmøte tyder på at dette er eit trivselstiltak som folk sett pris på. Om det heiter strikkekaffe, så er det i i høgaste grad frivillig om du vil ha med strikkinga eller anna slags handarbeid – eller kanskje du vil kome uten å ha med handarbeid. Det er kanskje å treffast som er all viktigast – treffast og være sosial?
Sjølvsagt så passa «bladfyken» på at han fikk med seg kaffepausen – både nystekte bakels og nystekte kanelsnurrar er både godt og enkelt å lage. God helg både til strikkarar, lesarar og til andre!