Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. februar i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid!
Det blir servering, og ein kan ta med handarbeid – ikkje berre strikking, men like bra er hekling, hakking, brodering, stopping eller noko anna. Ein kan utveksle erfaring og teknikkar og kanskje få idear til nye prosjekt.
VEL MØTT!
Strikkekaffeen blir også kalla «Fredrikkekaffe» etter grunnleggaren av Norske Kvinners Sanitetsforening, Fredrikke Marie Qvam. NKS vart stifta i 1896.