Kald vind og masse kuldegrader ute anfekta ikkje «strikkegjengen» i sanitetshuset laurdag ettmiddag. Der var det godt og varmt, og det knitra i strikketøyet rundt bordet, der 11 deltakarar hadde teke plass. Samtidig gikk praten uanfekta av strikkinga, og det vart skapt både gensere, votter og sokkar og mykje anna rart. Og sjølvsagt var det kaffeservering, med tilhørande fromasjkake og loff med fruksalat.