Laurdag var det første strikkekafè i Sanitetshuset på nyåret. Sjølv om det var 15 kalde på gradstokken ute, var det godt og varmt i møterommet i Sanitetshuset, og strikkepinnane gikk jamnt og trutt attåt praten rundt borda. Sidan i fjorhaust har det våre omtanken for flyktningane som har vore drivkrafta for sanitetsdamene i Todalen. Rett før jul sendte dei ei stor ladning til fordeling sentralt.
![ferdigvarer_6153](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/ferdigvarer_6153.jpg)
Ferdigvarer – Sanitetsdme Jorunn Rindal frå Øvre Surnadal hadde levert ein heil sekk med varer – ei gave som varmer i dobbel forstand. Foto: Jon Olav Ørsal
Men det har alt vorte ein stor dunge på bordet. Jorunn Rindal frå Øvre Surnadal hadde levert ein heil sekk med stikkavarer – rekna heil 12 par med heimstrikka sokkar. Men no er det altså full produksjon igjen hos damene i Todalen, og da blir det nok fleire sendingar etter kvart.
![Kaffeprat_6163](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/Kaffeprat_6163.jpg)
Men det var også tid til kaffepause og prat rundt borda. Frå venstre Åse Redalen, Synnøve Gjeldnes, Lovise Jørgensen og Brit Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal