Laurdag kunne kulturleiar Lilli Husby i Surnadal kommune kløppe snora for Strengenløyper, og dermed opne den nye løypetraseen i området mellom Vang skiarena og Strengen for bruk. Det er no gått eit år sia I.L. Søya starta planarbeidet for det nye heilårsanlegget – no kan brukast både for skitrim, sykling og trim til fots.
I.L. Søya sette ned ei prosjektgruppe som starta arbeidet umiddelbart. Med i denne gruppa var Einar Grønnes, Anders Fridtjof Røen, Per Arne Hyldbakk, Odd Magne Haugen og Tore Gjul. Gruppa har lagt ned ein stor innsats på planlegging og dugnadsarbeid gjennom det siste året, fortalte Anders Fritjof Røen som saman med Einar Grønnes presenterte prosjektet under opninga.
Gruppa har lagt vekt på at anlegget skulle leggast til rette for alle generasjonar, også dei som har problem med å kome seg ut i naturen og opp i fjellet på ordinært vis. Dei starta arbeidet med å kontakte grunneigarane i området, og rosar velvilje dei har møtt. I planarbeidet har dei har også møtt velvilje både i kommunen og frå fylkesplan.
Neste utfording var budsjettering og finansiering av prosjektet. Heile prosjektet vart kostnadsrekna til 820.000. Sidan 2015 var friluftslivets år var det opna for bruk av tippemidlar til slike prosjekt. 50% ga 409.000 i tippemidlar og i tillegg eigenkapital, dugnadsinnsats og sponsormidlar frå næringslivet, der Surnadal Sparebank har vore hovudsponsor og får sin eigen bankbenk på Haukarberget ved Finnvikslettet, der det også skal opp ei infotavle om verneområdet og litt historikk frå historielaget.
Det er opparbeidd ca 3 km ny trasé, som er knytt saman med tidlegare løyper og det er rydda 5 km skog i 8 meters trasébreidde. I tillegg er deler av anlegget grusa opp med tanke på sommarbruk til sykling. Du kan også ”knytte deg på” skogvegnettet utover retning Storsetra, og vidare i retning skogsvegnettet i Torvika som går mesta til møtes. Til saman har I.L. Søya no eit løypenett på heile 23 km som blir preparert og står til disposisjon for den som ønskjer.
Bildegalleri frå vang og frå den nye traseen – her har vi hatt god hjelp med bilder av Ola Bruset og Mari Redalen