I disse OL-tider er det vel mest fokus på det som skjer i Vancouver, men vi tok likevel ein tur rundt bygda for å «ta pulsen». I den kalde vinden og med fleire kuldegrader i aksjon, trefte vi fleire godt påkledde sambygdinger som dreiv med eit eller anna.
Johan Kvendset var aktiv i skisporet for å trene seg opp til Birkebeinerrennet. Det går 20. mars, og Johan har vore fast inventar der i mange år, og er som sagt påmeldt i år også.
Jostein Bruset var i full gang med å strø vegen opp til Hjellen, der han bur. Det er hard is på vegane, og vinden hjelper på og polerer slik at det er glatt på vegane.
Harald Myrås dreiv med vedhogging, og var heimom og reparerte kjettingane på traktoren. Han beretta at det var vanskeleg traktorføre utafor dei påkjørte spora. Ønska seg firehjulstrekker!
Bjørn Kvendset oppå Trøå, jobba også med å sikre ved til neste vinter. Han hadde full fart på vedklyvaren og veddungen voks fort.
Svanhild Kvedset var innom fjøset og kika om sauene. Dei var lamdigre, nokre veker er det nok full gang med lamming. Ho håpa at dei heldt seg til over påske før dei starta, men da blir det nok både lange dagar og mykje nattvake utover våren.
Ingunn Kjølstad var på tur på shopping på ICA Todalen. Ho klaga på sparkføret på grunn av for mykje strøsand, men ho såg også fordelene med at vegane var godt strødd.
Nedafor finn du bildeglimt frå turen rundt bygda. Alle foto: Jon Olav Ørsal