Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Straumutkopling – Svorka dreiv vedlikehald av nettet

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. juni 2017

I natt har Svorka Energi drive vedlikehald av straumnettet. Arbeidet foregikk på Kvenneset, der tida var moden for å skifte ut ei av mastene som er utgått på dato – og som hadde litt råteskade.  gunstig å utnytte den lyse sumarnatta til nødvendig vedlikehald.

Ivar Vikan i Svorka, fortel at dette er den siste masta som blir skifta ettersom resten av linjenettet vart utskifta for nokre år sia. Denne maste står akkurat i krysset, der ei linje går over til Todalsøra, og den andre går oppover bygda til Kårvatn. Her stod også transformatoren som forsynte Kvennset.  Difor var det no nødvendig å ta straumen for heile bygda for å få gjennomført dette arbeidet.

Det var mykje utstyr og folk samla på Kvennset i natt – arbeidet pågikk heile natta til nokre minutt over 6 før dei var ferdige med jobben. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok ein runde seint onsdag kveld, og da var gjengen giodt i gang med arbeidet.  Og arbeidet har nok pågått i heile natt, for klokka var nokre minutt over 6 da straumen vart kopla til igjen.  I tillegg til at det det vart skifta master, vart det også sett inn ei ekstra mast ved Austigarden.  Dette var for å sikre at fiberkabelen skulle få litt ekstra høgde, for å unngå skade på kabelen i samband med jordbruksarbeid.

Montørar frå Svorka i gang med arbeidet. Foto: Jon Olav Ørsal

Her ska det monteres ei ny mast for å få større høgde på fiberkabelen til breibandet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. juni 2017, 07:53