I går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen.

Eirik Vang Aas scora to av tre mål for Surnadal/Søya/Todalen. Her det første. Lars Gjøra sette inn det tredje. Sluttresultatet vart til slutt 3-9.

Kveldens lag: bak frå venstre Viljar Kvande, Vegard Snekvik, Henrik Kvande-Talgø, Odin Nes, John Einmo, Erik Kårvatn og Jonas Bergem. Høgre fram: Eirik Vang Aas, Lasse Kvande, Martinus Kvendset og Lars Gjøra.
Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.