
Erik Landsem var i ettermiddag i gang med å repararere skaden og montere ny koblingsboks i stolpen som vart skadd fredag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal
Enno i 16-tida var det strumlaust på Todalsøra, men Svorka var da i gang med å reparere skaden som lågspentnettet vart påfør under branntilløpet fredag kveld. 6-7 husstandar har vore straumlause sia 23-tida fredag kveld, men no i ettermiddag har Svorka jobba med å rette på nettskaden.
Problemet har vore at mannskapet på Svorka er i streik, men no har dei altså fått klarsignal for å få reparert skaden etter branntilløpet i ein koplingsboks seint fredag kveld, og dermed skulle vel alle etter kvart ha fått at straumen igjen.