Torevêret i ettermiddag slo ut Svorkas straumnett i 17.15-tida. Vaktmannskapet lokaliserte problema til linja inn til Todalen, og etter litt leiting fann dei feilen på Nordvik, der lynes hadde slått ned i ein transformator. Når den vart kobla ut, fungerte resten av nettet. Dermed var strauleveransen til Todalen oppe igjen etter ein stor time.
I 19-tida venta linjemannskapet frå Svorka Energi på at siste rest av torevêret skulle gi seg, slik at dei kunne starte arbeidet med å skifte ut transformatoren som er slegen ut ovafor Nistua på Nordvik. Transformatoren forsyner deler av grenda med straum, og dei må nok belageseg på nokre timar uten strum søndag kveld, men Svorka startar arbeidet med utbetring så snart det er forsvarleg.