I ein stor time i går kveld var deler av Todalen utan straum. Her var begge sidene av bygda råka, og måtte ta i bruk siste rest av julelys. Men også i løpet av natta hadde han vore borte, og i den anledning er dei på Kårvatn framleis utan straum. Svorka har vore på plass heile dagen for å prøve å finna feilen, utan hell. Dei har difor ordna med agregat slik at familien Kårvatn ikkje er heilt utan hjelpemidler.
I følge Svorka sine nettsider har dei ingen kjente driftsmeldingar dei siste 48 timane, så der er det ikkje noko info å henta.