Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Straumen borte i Todalen – oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. februar 2024

Da vart vi straumlause i store delar av Todalen. Det var litt etter halv sju at straumen forsvann. På biletet, som Ingri Bruset har teke, ser vi at det brenn i ei straummast, som er årsaka til dette.

S-Nett har at dei lokalisert årsaka til dette, og at feilretting pågår, slik at det er håp om at straumen er tilbake mellom kl 20 og 21 for dei som no er straumlause.

Ingri Bruset, som var på skitur i området, fekk sjå flammane i straummasta, og tok eit bilete og sende det både til Svorka og oss. Så det vart ein enkel jobb for S-Nett å lokalisere feilen denne gongen.

 

 

 

Publisert: 6. februar 2024, 18:58