Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strandhogg på prøve

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juli 2014

Torsdag morgon var Sea Cargo Express innom Industrikaia på besøk. Ærendet var å hente royalmaterialer frå Møretre som skal «ut i verda».  Vanlegvis blir slike sendingar frå Møretre skipa ut frå SeaCargoterminalen i Kristiansund, der båten har fast anløp på sitt rutenett mellom Aberdeen og som endar i Trondheim.

DSC_4395

Sea Cargo Express går i rute mellom Aberdeen og Trondheim, og er innom ei rekjje norske hamner på turen langs kysten. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_4386

Her blir varene lasta ombord med truck. Foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal kommune har saman med Talgø/MøreTre og andre aktørar jobba for å få fast anløp i Surnadal, og dagens besøk er nok å rekne som ein slags prøvetur. Det er ikkje så lang avstikkar frå Kristiansund, men med såpass store båtar må det nok ein del last til for at den skal ta turen innover fjordane til Surnadal.

Publisert: 10. juli 2014, 10:21