Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stranda er ferdigrydda

Stranda er ferdigrydda

Jon Olav Ørsal Sundag 18. oktober 2009

Heile forrige veke var Skogkompaniet i sving med å rydde stranda inn mot Todalen. Dei stilte med skogsmaskin og ein heil gjeng med motorsagmenn.
Og jammen har det vorte fint og oversiktlig innover stranda.
Surnadal kommune fekk ektraordinære midlar til rydding langs vegane, og det har vorte ryddigt og fint, med enkelte tre som står igjen til pynt. Dei andre plassane som skal ryddast i denne omgangen er:
Rydding av vilttrekket fra Myrvang til fabrikken til Kvande og Nordvik og
rydding av utsiktspunkt over nedre Surnadal ved vegen opp til Nordmarka.
Kristen Bruset i Skogkompaniet sier til Todalen.no at behovet for rydding er sjølvsagt mykje større, og at kommunen har satt opp fleire aktuelle strekningar. Dei håpar myndighetene kan dele ut meir tilskuddsmidlar til slike tiltak.

Her kjem fleire bilde:
Foto: Kristen Bruset/Skogkompaniet

Publisert: 18. oktober 2009, 20:07