Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strålande sol ved Haltbakkhavet

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. februar 2025

Siste måndagen i februar kom med strålande sol frå knallblå himmel. Ein topp dag for kløvertur!

Kløverturen var lagt til Nordvik, – frå Rabbleet til Haltbakkan. Anna Ingeborg Nordvik stilte som guide, og det vart ei riktig så fin turrute etter små vegar og stiar; ein tur utan asfaltgåing. Det var heller ikkje is og glatt, heilt bart. Vi passerte mange nye hus og hytter som ligg fint til med utsikt til sjøen. Anna Ingeborg fortalde og om gamle hus og tufter. Hansslettneset er borte, men både i Indre Slettneset, i Nedre Slettneset og i Slettnesskjæret bur det familiar. Vi passerte smia til Ola Polden som mellom anna støypte mange supaklokker, sauebjøller og laga reveglefser; der var det stille no.

Godt å gå etter grasgrodde vegar! Åsbøsnyta stikk opp som ei høysåte. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Utsikt innover Todalsfjorden og fjella: Ytre Sulå, Hamran, Skjerdingfjellet og Snøfjellet. Turfølget: Kari, Arndis, Helga, Jorunn, Dordi Jorunn, Anna Ingeborg, Åse Johanne, Helen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Turen enda ute i Haltbakkan; grenda høyrer til Søyset. Dit er det ikkje langt å gå skogleies, men eit godt stykke å kjøre bil.

Ein fin og interessant turdag enda i Kaffekroken på Halsbua.

Ny kløvertur 3. mars, da blir det tur i Kvennsetlia.

Fleire bilete:

Ute på tur: Marit, Kari, Helga, Arndis, Åse Johanne, Dordi Jorunn, Helen og Jorunn. I bakgrunnen Ytre Sulå og Hamran. Foto: Anna Ingeborg Nordvik.

Det var tett mellom bruene over denne bekken. Åsbøsnyta i bakgrunnen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Idyllisk skogsveg! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her svinga turgåarane ned til fjorden – ei ny rute. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ein kjøle brei og mosegrodd steinutgard – her ha nokon slite hardt! Foto: Marit Sanden Søyset.

Blaut veg, fine mønster og spor – eit kunstbilete. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 24. februar 2025, 23:44