Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

STØV erklært åpna på torsdag

Elinor Bolme Laurdag 1. oktober 2016

Torsdag var det høgtidleg åpning av Toril Redalen si kunstutstilling STØV i Oslo. Toril har sendt oss nokre bilder frå åpningsdagen. Hovedbildet viser samtidsforfatteren Ole Robert Sunde som les frå teksta si «Støvets Applaus» framfor verket Arbeid 4. Der skimtar vi blant anna verkstadsbenken til Narve Talgø. Benken var så tung at dei ikkje fikk den opp den bratte trappa til galleriet og måtte ringe eit pianoflytte-byrå for å få hjelp. Toril som har samarbeida med Narve ved fleire anledningar ifb med produksjon av kunstverk, takkar for lånet.

img_1249

Godt oppmøte av Todalinga på åpninga. Arti!! seier kunstnar Toril sjølv.

Alle foto I. Nordli.

Publisert: 1. oktober 2016, 10:19