Lotteri- og stiftelsestilsynet administrerer to ordningar som kan gje store tilskot til laga det gjeld og som er omfatta av ordningane. Den eine ordninga er koronarelatert, og heiter «Tilskot til arrangement og aktivitetar». Dette er ei ordning som skal kompensere for bortfall av inntekter i samband med covid- 19 og gjeld denne gongen for perioden 1.1. – 31.10.21. Den andre ordninga er «Momskompensasjon på idrettsanlegg». Dette er ei ordning som rettar seg mot bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet.
TILSKOT TIL ARRANGEMENT OG AKTIVITETAR
Formålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som har måtta bli avlyst grunna restriksjonar eller råd frå styresmaktene i samband med covid- 19.
Ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. oktober 2021. Ein må vera registrert i Frivillighetsregisteret for å kunne søkje.
Søknadsfristen er 15. november.
MOMSKOMPENSASJON PÅ IDRETTSANLEGG
Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar.
Søknadsfristen er 1. desember.
Du kan også inn på https://lottstift.no/for-frivilligheten/ for ytterlegare informasjon.