Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Støtte til kulturlivet

Steinar Hasselø Måndag 17. august 2020

Det finst fleire ordningar for å hente støtte til kulturlivet, også på hausten. Dei er gjerne meir «spissa», så ordningane passar ikkje for alle. Men her er i alle fall nokre:

Frist 01.09:
Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele heile 1,685 milliardar kroner. Gå inn her og finn ut meir.

Frist 15.09:
Krisepakka for frivilligheita. Sjekk om de har rett til å få kompensert tapte inntekter som følgje av innførte smitteverntiltak her! 

Frist 15.09:
Surnadal kommune gir prosjektsstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanlege driftstiltak («kulturmidlar»), men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Sjå eige skjema her!

Møre og Romsdal fylke har også ulike ordningar som går til kulturtiltak, som t.d. konsertstøtte. Gå inn her for fleire opplysningar.

Minner også om at frist for å kome med kandidat til fylkeskulturprisen er på hausten.

 

Publisert: 17. august 2020, 18:22