For tredje året på rad har Felleskjøpet Agri og Trioplast produsert opp farga rundballeplast som støttar eit godt formål. I år er plasten gul, og 30 kroner av kvar solgte rull går til Barnekreftforeninga. Det er totalt produsert opp 10 000 rullar, der kvar av Felleskjøpet Agri, Trioplast og bonden gir 10 kroner kvar pr rull til foreninga.
Ballane over er Ola G Kvendset i Viastua sine. Han har støtta oppunder dette fine tiltaket alle tre åra, og fortel at han tykkjer det er eit fint initiativ, samstundes med at han kan skilje dei ulike grastypane han har med ulike farger.
I fjor var plasten turkis og støtta prostatakreftforeninga, medan det aller første året var rosa plast som støtta brystkreftforeninga.
Les meir om kampanjen hos Felleskjøpet.no: I år blir rundballene gule til støtte for barnekreft