Som ein direkte konsekvens av smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen, er Todalen sokneråd og Kirkens Nødhjelp sin tradisjonelle Fasteaksjon digital i år ôg, slik som i fjor. Fasteaksjonen er Norges andre største innsamling, og har vore arrangert i meir enn 50 år. Tidlegare år er det konfirmantane som har stått for bøssebæringa. I fjor vart innsamlinga heildigital, slik den òg blir i år. Kristian Gjeldnes, leiar i Todalen sokneråd, fortel at dei har eit mål om å samle inn 5.000,- kroner i Todalen sokn. Han håper difor på god respons på den digitale innsamlingsaksjonen.
I dag lever 785 millioner mennesker i verda uten tilgang til reint vatn. Aldri før har reint vatn og såpe vore så viktig som under pandemien. Hjelp Kirkens Nødhjelp med å få bygd fleire brønnar og redde fleire liv. For 250 kr kan du gje eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. Bli med på årets Fasteaksjon!
For å gje ditt bidrag til årets Fasteaksjon, kan du trykke på lenka (krev innlogging på Fasebook): Todalen Sokn – Fasteaksjonen 2021
Om du ikkje har Facebook eller vil bruke ein annan betalingsmåte, kan du velge eit av dei tre alternativa nedanfor: