Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.
Og rundvask vart det, heile 16 dyktige og effektive vaskarar stilte opp med moppar, moppestavar, gardintrapper, tuer og bøtter, og ikkje minst arbeidslyst. Det vart retteleg velvask av heile huset; gardiner, tak og vegger, skåp og skuffer, bord og stolar, vindu utvendig og innvendig.
Sjølvsagt var det dugnadskaffe, Maren stilte med fersk kringle og nysteikte kanelsnurrar som gjekk ned på høgkant!
Hurformann John var riktig godt fornøgd etter dugnadskvelden – han takka alle for god hjelp og stor innsats!