Da er Stortingsvalet 2021 i gang, òg i Todalen. Stemmelokalet i Todalen er i år lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opna dørene klokka 12:00 og vil halde ope fram til klokka 20:00 i kveld. Det er i år totalt 235 personar, 130 menn og 105 kvinner, som har stemmeerett i Stortingsvalet i Todalen krins. På grunn av koronaen har folk vore oppfordra til å førehandsstemme før valdagen, så det er grunn til å tru at mange allereie har stemt. Da vi var innom stemmelokalet rett etter opning, var det like vel godt tilsig av folk som skulle stemme.

Valstyret Todalen krins, f.v. Jo Gjeldnes, Elinor Bolme, Karin H. Halle og Stig Husby. Foto: B G Ansnes
Valstyret for Todalen krins oppfordrar dei som skal stemme til å ha med seg valkortet, anten digitalt eller i papirversjon. Det er mogleg å stemme i ein annan valkrins enn den du er folkeregistert i på valdagen.
Valresultatet for Surnadal kommune er ikkje venta å vere klart før nærare midnatt. Valresultatet finn du ved å trykke på lenka: «VG – valgresultat 2021 – Surnadal»