Fredag den 10. september er det ope til kl. 15.30.
Hugs å ta med legitimasjon. I år får du digitalt valkort som du viser med mobiltelefonen din. Les meir om «digitalt valkort».
Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:
- Surnadal Sjukeheim: Tysdag 7. september kl. 1000 – 1200
- Bårdshaugen omsorgsbustader: Tysdag 7. september kl 1300 – 1500.
- Surnadal vidaregåande skole: Onsdag 8. september kl 1000 – 1200
- Nordmøre Folkehøgskule: Onsdag 8. september kl. 13.00 – 15.00
Tidlegstemmegjeving frå 1. juli til 9. august
Dersom det er umuleg for deg å avgi stemme i perioden for førehandsstemmegjevinga eller på valdagen, kan du be om tidlegstemmegjeving. Tidlegstemmegjeving skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå kl 9.00 til kl 15.00.
For avtale ring kommunens sentralbord: 71 65 58 00.
Ambulerande stemmegjeving
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad til
Surnadal valstyre,
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal
Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 7. september 2021.
Dersom årsaken til søknaden er pålagt isolasjon eller karantene grunna covid-19, er fristen sett til valdagen 13. september, kl. 10.00.
Smitteverntiltak
Vi er framleis i ein pandemi og den enkelte kommune har ansvar for å legge til rette for gjennomføring av valet på ein smittevernfagleg trygg måte.
Grunnleggande smitteverntiltak og råd ved gjennomføring av valet i Surnadal kommune:
- Ingen sjuke skal møte opp i stemmelokala (sjå tilbod om ambulerande stemmegjeving)
- Både valfunksjonærar og veljarar bes ha på munnbind under stemmegjevinga. Gjeld også vaksinerte.
- Vi skal kunne halde minimum 1 meter avstand til kvarandre
- Førehandsstemminga på Surnadal kommunehus blir gjennomført med desinfeksjon av val-avlukke mellom kvart besøk. Det vil vere god utlufting, god ventilasjon og god avstand mellom valfunksjonærar og den som skal avgi stemme.
- Du kan bli beden om å ta av munnbindet ei kort stund ved behov for pålagt identifikasjon når du legitimerer deg
Smitteverntiltak på sjølve valdagen vil mellom anna innebere tiltak for å unngå kø/ ansamlingar. Det blir informert meir om dette på eit seinare tidspunkt.