I dag var det aksjon med fraktisng av stortåillå fram til bilveg. Det var Per Gjeldnes Maskin som hadde fått oppdragen med å frakte den 7 m3 furua frå vosterplassen i øyalia og ned til skogsbilvegen ovafor ungdomshuset. Gjeldnes Maskin stillte med 22-tonns gravemaskin til transporten, og tysdag morgon var prosjektet i gang.
Egentleg gjekk det lettare enn kanskje enkelte trudde, for når rotstokken var kappa, så var det berre å «knyte på» stortåillå og kjøre i veg. Ståle som er eigarmann av stortåillå hadde dei vitale måla på ho, og har funne ut at alderen er mellom 200-250 år, og 22 meter lang – med midtmål på ca 65 cm skulle det bli ca 7 kubikk og ei vekt på rundt 5000 kg.
Når dei kappa laus stokken frå rota så vart det oppdaga at stortåilla var råteskadd i rota. Det vart kappa frå 2-3 bitar på rundt 30 cm, men råteskaden går iallfall minst ein meter oppover rotstokken – konskje er det råte eit par meter til? Det vil vel bli sjekka etter kvart. Råteskaden i rota er nok årsak til at denne kjempa gjekk overende i stormen, trur Per Gjeldnes.
Den andre stortåilla som står like ved ser ut til å være uskadd, og Ståle har bestemt at den skal få stå i fred og kanskje veksa seg enda større etter kvart.
Ragnhild A. Moe har laga ein videosnutt frå transporten fram til skogsbilvegen
Typisk Åsprong-al ta der!
– Det er kommentaren til Nils Olav Talgø på Meisingset (ex. todaling). Han siktar til det vi kallar for rotråte som er omtala i artikkelen, og fortel at det er eit nordmørsk bransjebegrep som har vore bruka på Nordmøre. Det kan ha si årsak som kjem frå rota og går eit godt stykke oppover inni stokken – eller så er det ein knøsk som sitt eit stykke oppå stokken som er årsaka. Da får du «Åsprongal» eit stykke oppover og eit stykke nedover stokken frå knøsken. -Da veit vi det, og så konkluderer vi med at fagfolk er fagfolk, også i trelastbransjen 🙂