Dei to siste gongene Strikkekaffeen/Fredrikkekaffeen har vore arrangert har det vore godt oppmøte. Men engasjementet med Amandaprosjektet, der dei strikkar til fortidlegfødte barn, er også stor. Strikkepinnane går heilt klart ikkje berre når dei møtes desse laurdagane i sanitetshuset.
Forrige gongen vart dei frammøtte enige om å treffast att den 26. november og den 10. desember. Då med ei lita utlodning i tillegg.
Mange små plagg har vorte produsert etter at Todalen Sanitetsforening foreslo Amandaprosjektet på Strikkekaffeen. Plagga er planlagt levert til jul på prematuravdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim.