Elevane i 1.-4. klassen er med i Telysjakta som vert arrangert av IKEA og WWF i samarbeid med Grønt Punkt, Syklus(tidl Norsk glass-og metallgjenvinning) og Hydro.
Vi starta opp med å samle inn telys 1.oktober og skal halde fram til 31. mars. Målet vårt er å samle inn så mange tomme telyskoppar som muleg. Vi tel opp og leverer dei til attvinning.
Det er flotte premiar til den klassen som samlar inn flest utbrende telyskoppar pr. elev. Men det er ingen taparar, da alle som deltek er med på å gjere eit viktig arbeid for miljøet.
Telyskoppar er laga av aluminium, eit metall som krev mykje energi å produsere, men som kan attvinnast effektivt. Med attvinning pokies online in australia kan vi spare heile 95% av energien i forhold til framstilling av heilt nytt aluminium.
I Noreg forbrukar vi ca 200 millionar telyskoppar pr.år. Elevane legg inn resultatet av oppteljinga på eiga nettside. Til no har vi kome opp i vel 6000 telyskoppar.
Elevane i klassen er glade for å få tomme telyskoppar, så har du nokre ståande kan dei leverast til dei. Elles kan ein levere desse i returpunktet for glas og hermetikk. Det einaste ein må hugse på er å fjerne vekhaldaren i botn, den er laga av anna metall.
Sender med nokre bilete som viser elevane i gang med oppteljing og innsamling.
Alle foto: Britt Mossing