I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn – og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….
Todalen historielag oppfordrar folk til å ta kontakt med skannarane (Ingri 913 38 038/Ragnhild 922 02 656) viss du sit med gamle/eller andre interessante bilete du vil ha skanna.
I galleriet nedafor ligg alle bileta, med bildetekst under. Alle bileta er frå arkivet til Todalen historielag.