Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stormfloa – på topp i 11-tida på laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2024

Laurdag var det orange farevarsel for stormflo på Nordmøre.  Det var fleire samanfallande grunnar til storfloa, mellom anna var fullmåne/supermåne, og det var meldt sterk storm og kanskje opp mot orkan på kysten. 

På Bordholmen stod vatnet over tennisbanen da floa var på topp i 11-tida. Foto Jon Olav Ørsal

På yr.no var det meldt snøstorm med snøgrense ned mot 200 meter, og kanskje opp mot 25 cm nysnø etter kvart.  Her på indre kom aldri stormen inn for fullt, og dermed vart det heller ikkje slik storflo som det vart meldt. Heldig vis slapp vi billeg frå det denne gongen også, men stor flo var det da, og det har vi dokumentert med bilda som høyrer til i saka.  

Utsikt frå Halset mot Sissigrenda og Kvennsetøran. Foto Jon Olav Ørsal

Vi tok ein liten runde og fanga inn situasjonen da floa var på topp i 11-tida i føremiddag.  No er floa på retur, men det kjem ein ny runde i kveld som kanskje blir like stor – det spørs om vinden drier meir på nord-vest slik som vêrmeldinga spår?

Nedkjøringa til båthamna Foto Jon Olav Ørsal

Utsikt frå Halset og oppover bygda – forbi Kvennset og Bordholmen er det eit samanhengande hav. Foto Jon Olav Ørsal

Utsikt frå Kvennsetøran mot Furuhaugen. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. november 2024, 12:32