For fredag og laurdag er det Obs!-varsel for Møre og Romsdal på Yr.no. Det er meldt storm på kysten, med tilhørande høg flo. Etter meldinga blir floa på det høgaste laurdag føremiddag, med 60-75 cm over normalen. Vi tok ein runde fredag i 12-tida, da floa var på det høgaste, og det var slettes ikkje nokon dramatikk – men høg flo var det.
I båthamna var det motbakke for å kome ut på utliggaren, og landgangen låg delvis under vatn. Vi har også bilde frå området utafor fabrikken og fra Todalsøra – men altså ingen dramatikk og langt unna rekordnivået. Her kan du lese meir om floa på kartverket sine nettsider.