Måndag kveld var Surnadal husflidslag vertskap på det dei kalla «storkvinneforening» i sine lokaler på Nymoen. Her hadde dei inviter alle sanitetsforeningane og andre kvinneforeningar i kommunen til eit retteleg stormøte for å orientere om aktiviteten sin. Leiar i husflidslaget Mari Nordvik orienterte saman med Torunn Nordvik om den allsidige drifta som dei arbeidsomme damen har for seg. Det er alt frå vevnad, strikkekveldar, skinnfellkurs og ikkje minst kurs for ungar for å vidareføre dei ulike handarbeidstradisjonane som er innad i laget.
Surnadal husflidslag er per dags dato det tredje største husflidslaget i fylket, men det skal ikkje i følge leiar Mari mange nye medlemmar før dei går forbi dei to største laga. Seinare i år skal dei feire seg sjølv, som 40 årsjubilant.
Ein stad mellom 50 og 60 damer tok turen til Nymoen denne kvelden, noko leiaren var storfornøgd med. Dei hadde i tillegg invitert Marte Helgetun til å informere litt om si bedrift som driv med produksjon av strikkeoppskrifter og salg av garn og tilbehør på Røssmoen. Ho har hatt ein eventyrleg vekst i det som så smått starta som ein hobby, som no har utvikla seg til å med stor sansynlegheit å bli ei gasellebedrift etter siste driftsår.
Til slutt avslutta arrangørane arrangementet med åresalg på gammaldags vis som alltid engasjerer rundt alle bord. Og gevinstane var naturleg vis heimlaga!
Les meir om aktivitetane til Surnadal husflidslag på husflidslaga si eiga heimeside husflid.no