I dag inviterte «skihyttegjengen» i Todalen Idrettslag til den tradisjonelle Kjerringdilten på Skihytta på sørfjellet, og nærare 80 personar nytta det fine påskevêret til å ta seg ein fjelltur. 35 av desse deltok på den tradisjonelle Kjerringdilten, og det er mange år sidan det har vore så mange deltakarar på rennet. Idealtida var i år sett til 20 minutt og 30 sekund, og Isak Drøpping vart nærast med berre 3 sekund frå idelatida. Han fekk dermed eit napp i vandrepokalen, og får ha den fram til neste års Kjerringdilt. Endre Talgø og Terje Nordvik, som var 4 og 5 sekund unna idealtida, fulgte på dei neste plassane.
Inne på skihytta hadde «skyhyttegjengen rigga seg til med sal av kaffe, pølser og bakels frå Knut`s bakelsmaskineri. Den som ville fekk saft å drikke.
«Skihyttegjengen», som består av: Terje Nordvik, Torkjel A. Moe, Knut Halset og Ståle Ansnes, var stornøgd med oppmøtet på årets utgåve av Kjerringdilten.
Kjerringdilten går på idealtid, der det er om å gjera å treffe tida til den som hadde «gått» opp løypa på førehand. Idealtida var i år sett til 20,30, og den var det altså Isak Drøpping som kom nerast i år, berre 3 sekund frå idealtida.
Resultatliste frå Kjerringdilten – idealtida var 20:30:
- Isak Drøpping – 20.33
- Endre Talgø – 20.26
- Terje Nordvik – 20.35
- Marit Ingeborg Ansnes – 20.23
- Ane K Moen – 20.19
Alle andre tider:
Bjørn Ståle Eikrem – 19.05
Ola H Ansnes – 21.12
Ola Bruset – 19.50
Kristoffer Nordvik – 21.44
Kristian Gjeldnes – 21.07
Lars Sæther – 20.44
Emma Sæther – 19.52
Turid Sæther – 19.55
Torkjel Moe – 20.00
Jorid H Ansnes – 19.48
Bea Korsnes – 19.55
Elea Ansnes – 19.56
Emil H Ansnes – 19.53
Mathias Lyngvær – 19.50
Tore Korsnes – 19.52
Halvor Drøpping – 19.53
Erika Moen – 19.19
Eline Ansnes – 19.20
Marit Haugen – 18.00
Marit S Søyset – 19.35
Ida Ranes – 18.36
Anne Søyset – 19.13
Ruth S Jensen – 18.37
Steinar Gjeldnes – 18.10
Ola Ansnes – 17.48
Jenny Stensby – 19.42
Birger Todalshaug – 18.05
Nina K Hansen – 17.55
Sondre Halset – 18.57
Hanne Waag – 16.30
Fleire bilete frå Kjerringdilten finn du nedanfor: