Torsdag 1. september la 25 frå Stavganggruppa turen til Storhaugen i Todalen, og Per Bruset var kjentmann på turen. Turen opp gjekk delvis gjennom tett granskog, men etter kvart opna landskapet seg, og meir og meir av Todalen kom til syne mellom trestammane. Vel oppe på Storhaugen kunne alle nyte den strålande utsikta over dalen med fjord og fjell, og som vanleg hadde Martinus bestilt finver og ei strålande sol. Før vi drog ned, fortalde han om grender og fjell som vi kunne sjå her frå Storhaugen. Takk til alle for ein kjempefin dag!
Bildegalleri frå turen til Storhaugen. Alle foto: Vidar Sogge