På tampen av dagen tok vi ein liten flaumrunde – etter at det har regna både torsdag og fredag var det mykje vatn i Storfossen fredag ettermiddag. Vassmålaren til NVE ved Storfossen tippa såvidt over 60 m3/sek før han bevega seg under 60-talet ei stund.
Men i skrivande stund er det atter stigning og dersom regn og snøsmelting held stand utover kvelden og natta, så kan det igjen tendere mot stor vassføring i elvane utover natta og morgondagen. Yr.no melder om mykje regn utover laurdagen og søndag.
Bildeglimt frå Storfossen og nedover Toåa fredag ettermiddag. Alle foto: Jon Olav Ørsal