Surnadal kino har sett opp to nye filmar denne helga, og den eine kan bli den store oscarvinnaren i år! «1917» har, som ein kan lese ut frå årstalet, henta handlinga si frå 1. verdskrig. To unge britiske soldatar blir sendt ut på det som ser ut til å vere eit umulig oppdrag.
«Mesterlig», skriv Dagsavisen, og held fram med: «Ti ganger Oscar-nominerte «1917» kommer til å gå rett inn i historien som en av de store antikrigsfilmene.» Filmen vann Golden Globe nyleg, og det er ofte ein god peikepinn på at den også ligg an til å ta sjølve Oscar. Regissør Sam Mendes har vist før at han taklar dei store oppsetningane ved å stå attom «James Bond»-filmane «Skyfall» og «Spectre». Aldersgrense for «1917»: 15 år.
Barnefilmen, «Elleville Elfrid», har figurar kjent frå NRK Super. Elfrid og Henrik er bestevener, men alt endrar seg når ein ny gut flyttar til nærområdet. Aldersgrense: Passar for alle. Elles går «Bad Boys for life» for siste gong – og det på søndagskvelden. Aldersgrense: 15 år. Den sterke norske dokumentaren «Selvportrett» går for siste gong torsdag 23. januar (både på dag- og kveldstid). Aldersgrense: 12 år.