Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storfemti er like rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. oktober 2025

Svarrabærje Teaterlag er ferdig med siste øvingshelg til jubileumsrevyen Storfemti, så komande torsdag er det klart for premiere.  Det skal kjørast 3 førestillingar, – torsdag, fredag og laurdag, – men bilettsalet har gått strykande, så skal du ha billett til årets revy så må du ikkje vente for lenge.

Det blir litt tå kvart på premieren torsdag kveld. Foto Svarrabærje

Det er enno ledige billettar til alle dei 3 førestillingane, men billettsalaet har gått unna dei siste dagane, fortel Håkon Solem som er salssjef for jubileumsrevyen.  Billett får du kjøpt på nettsida til Surnadal kulturhus og som sagt er det ikkje noko å vente med.  

Publisert: 28. oktober 2025, 19:55