Om temmeleg nøyaktig 5 veker er det duka for revyhelg med Svarrabærje Teaterlag. Skal du benytte deg av Early Bird-tilbudet så begynner det nemleg å haste, for det går ut den 1. oktober. Til no er det faktisk rundt 140 personar som har nytta seg av det tilbudet – fordelt på dei 3 forestillingane.

Gjengen som var på øving i kveld – reknar med å fylle benkradene 3 kveldar i månadsskiftet oktober/novenber. Frå venstre Olav Mogstad, Nils Inge Aasgård, Elin Nyheim Sæterbø, Silje Beate Gulbrandsen Holten, Ragnhild Mogstad, Camilla Hyttebakk, Håkon Solem og Øyunn Fuglsøy Aune. Foto Jon Olav Ørsal
Det blir nemleg 3 revyforestillingar i år, fortel Håkon Solem, som er marknadsføringsanvarleg for Svarrabærje teaterlag. Håkon begrunnar det med at det varr kjåkfullt på fjorårets 2 forestillingar, med massevis av ekstra stolar. I tillegg er det å år jubileumsrevy – det skal feirast at det er 60 år sia første revyen vart framført i Surnadal. Svarraberget vart stifta i 1997, så dei har enda eit par år att før dei kan feire 30-årsdag. Årets revy heiter Storfemti – og storfemti er vel seksti det, spøker Håkon.
Han fortel at dei er godt i gang med «storfemti» – det blir på ein måte ein fortsettelse frå 40-årsjubileet i jula 2005, med ein mix av gamle og gjenkjennelege nummer og med oppdatering og oppussing av ein del andre. I tillegg blir det sjølvsagt mest nytt, og det manglar ikkje på stoff å ta idear frå. Det blir liksom ein raud tråd som dreg ta her saman og lagar ein god og aktuell revy som skal bli sjåverdig.