Ingri Bruset har merka seg at Trollheimsporten har omtala digre toller både i Vindøldalen og på Osmarka i Gjemnes, og skriv:
Vi har digre toller i Todalen også. I skogen på Gjeldnes har vi teke mål i brysthøgde av to digre toller. Den eine var 3,89 meter i omkrets. Den tjukkaste var 4,18 meter. Kanskje nokon i bygda kjenner til større toller enn desse? Med på målinga var Per Reiten, Kristian Gjeldnes og Ingri Bruset.
![Målinga viser ein omkrets på 4,18 m. Foto: Ingri Bruset Målinga viser ein omkrets på 4,18 m. Foto: Ingri Bruset](https://todalen.no/wp-content/uploads/2010/07/P1100675-400x300.jpg)
![Stortolle på Gjeldnes. Foto: Ingri Bruset Stortolle på Gjeldnes. Foto: Ingri Bruset](https://todalen.no/wp-content/uploads/2010/07/P1100676-225x300.jpg)
Veit du om store toller i Todalen, send gjerne inn eit bilde og gjerne med mål på størrelsen. Takk til Ingri Bruset for tekst og bilete!