Todalen I.L. opplevde makalause nedbørsmengder da Todalsdagen gikk av stabelen på laurdag. I løpet av eit par timar kom det så mykje regn at fortballturneringa måtte avslysast etter nokre kampar – det var uforsvarleg å køyre vidare med arrangementet. Mosjonsløpet Ræta Opp gikk som planlagt, men med betydeleg mindre deltaking enn tidlegare år. 20 påmeldt i herreklassen og eit tital i dameklassen utgjorde den aktive delen av løpet.
Håvard Gjeldnes var ikkje uventa den største favoritten, og han innfridde da også på tida 11,24. Men junioren Isak Drøpping pusta han nok i ryggen og kom inn berre 9 sekund etter Gjeldnes i mål på Bordholmen. På tredjeplass kom Emil Ansnes som dermed vart bestemann frå arrangørklubben.
I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som trekte det sterkaste kortet, og gikk i mål på tida 14:04 . På andreplass kom Marte Budei med tida 15.21 og dermed 1:17 etter Lisabeth – og på tredjeplass kom Anja Stenberg 1:24 etter – i dameklassen var det 10 påmeldt.
Her har vi lagt ut komplett resultatliste frå RætaOpp
Inntekta til Gatelaget
Spesielt med Ræta opp er at inntekta går til eit veldedig formål – i år går inntekta til Gatelaget i Kristiansund som vi nok får høyre meir om etter kvart. I skrivande stund er det kome inn rundt 7000 – Vil du være med og støtte arbeidet, så kan du enda delta med eit bidrag – send Vipps 107833 til RætaOpp så støttar du ei god sak!!